Det finst 3 ulike fiskefond i kommunen, med forskjellige mål og ulike summar som vert betalt inn kvart år.
- Fondet Staffivatnet kan brukast for opphjelp av fisk/vilt/friluftsliv i det området som er berørt av utbygginga.
- Fondet Blåfalli kan brukast i heile kommunen til opphjelp av fisk og vilt.
- Fondet Opstveit – og Midtbotnvatn kan brukast til opphjelp av fisk i heile kommunen.
Forskrifter for bruk av fiskefonda i Kvinnherad kommune vart vedteke 25.10.2018.
Søknad
Det vert sett to fristar kvart år for å søkje fiskefondet om midlar, 1. mars og 1.oktober. Søknadane skal så handsamast i formannskapet innan to månadar. Midlane skal lysast ut. Søknaden skal vere skrifteleg og må innehalde:
- Ei utgreiing om tiltaket
- Kostnadsoverslag
- Kartfesting
- Foto
- Kontaktperson for tiltaket
Midlar som ikkje vert brukt vert lagd til fonda og delt ut seinare.
Søknadar kan sendast på epost til post@kvinnherad.kommune.no