DigiHelsestasjon er ei meldingsteneste mellom helsestasjonen og innbyggjarane som skjer via helsenorge.no. Her kan du:
- Senda og få meldingar på ein sikker måte
- Få oversikt over og avbestilla avtalar
- Få varsel om planlagde avtalar
- Få tilgang til relevant informasjon
Sjå video om DigiHelsestasjon for meir informasjon:
Slik tek du i bruk DigiHelsestasjon:
- Logg deg inn på helsenorge.no - anten via nettsida eller appen som du kan lasta ned via App Store eller Google Play
- Du må ha BankID, Buypass ID eller Commfides e-ID for å logga inn. Les meir om elektronisk ID her
- Første gong du loggar deg inn på Helsenorge blir du bedt om å akseptera bruksvilkåra og gje samtykke til å kommunisera med helsekontaktane dine. Les meir om samtykke og personvern her
- For å bruka helsenorge på vegner av barnet ditt loggar du først inn som deg sjølv, deretter vel du kven du vil sjå opplysingane for eller utføra tenesta på vegner av
- Gå inn i fana «sjå alle helsekontaktane dine» og vel «helsestasjonen»
- Foreldre har ikkje rett til innsyn i timar/meldingar/dialog til ungdom over 16 år
Unge mellom 12 og 16 år kan førebels ikkje kommunisera med helsestasjonane sjølve enno, då må kontakt gå via foreldre. Løysing på dette er under utvikling hos leverandør. Ein kan òg kontakta skulehelsetenesta på telefon som før. Sjå kontaktinformasjon her.
Tilsvarande løysingar på Helsenorge vert allereie brukt av fastlegar og spesialisthelsetenesta.
Viktig! Sjekk at ein sender til rett instans. Det er ulik informasjon som skal til fastlege og helsestasjonen.
Meldingane du sender til helsestasjonen vil bli svart på innan fem arbeidsdagar. Ettersom løysinga krev sikker innlogging kan meldingane trygt innehalda sensitive opplysingar. Alle meldingane du sender vert lagra i din elektroniske pasientjournal.