Fristen for å levera inn høyringsuttale er 16. januar 2025. 

Saksgangen i samband med bygging av ei ny 420 kV kraftlinje gjennom Kvinnherad kan vera litt utfordrande å få oversikt over. Statusen pr. hausten/vinteren 2024, er at Statnett har meldt til NVE at dei ynskjer å utgreia fleire trasear som går gjennom Kvinnherad. 

Desse linjene er Sauda-Blåfalli og Blåfalli-Mauranger-Samnanger. Nærare informasjon om desse to finn du her: 

Sauda-Blåfalli og ny Blåfalli transformatorstasjon

Ny 420 kV forbindelse mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger

 

Det som blir sagt klart frå både NVE og Statnett si side, er at det er i denne fasen som prosessen er i no at høvet til å påverka er størst. NVE er mellom anna interesserte i tilbakemeldingar på om det er andre trasear som bør utgreiast, enn dei som Statnett har meldt inn. Dette var mellom anna Tor Carlsen frå NVE innom under folkemøtet på Rosendal Fjordhotel 12. november.

Statnett har også omtala prosjekta på sine nettsider. 

Den enklaste framgangsmåte er å følgja lenka som ein finn sentralt plassert i kvar av lenkene til NVE, og du kan senda inn som verksemd eller privatperson. Verksemder må levera med organisasjonsnummer som id. Som privatperson må du også vera logga inn med bank-ID for å levera høyringsuttale digitalt. 

Eller så kan du senda som e-post til nve@nve.no (Merk sendinga med Høyringsfråsegn

Sauda – Blåfalli : sak nummer  202314829 eller høyringsfråsegn Blåfalli – Mauranger -Samnanger: sak nummer 202410184)

 

Vanleg post kan sendast til 5091 Majorstuen, 0301  Oslo, det same gjeld med merking av brevet med høyringssvar som for innsending av e-post. 

Meir om desse høyringane finn du her.