Kommunedirektøren har i medhald av opplæringslova § 14-1 utarbeidd framlegg til skulerute for 2025-2026. Skuleruta er lokal forskrift som gir oversikt over skule- og feriedagar for elevane i Kvinnherad kommune. Elevane har rett og plikt til å møte på skulen desse dagane. 

Oppmoding frå Skyss om samordning og effektivisering av skuleskyss er lagt til grunn i framlegget. Skuleruta er difor utarbeida i samarbeid med kommunane i FOS- regionen; Bømlo, Stord, Fitjar, Etne.  

Her kan du lesa framlegget

Alle barnehagar og skular får framlegget tilsendt for uttale.  

Merknadar vert å senda til:  

Kvinnherad kommune post@kvinnherad.kommune.no  

Frist: 31. oktober2024