Kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen og ordførar Vegard Bjørnevik ønskte velkomen og fortalte litt om seg sjølve. Vidare fekk dei informasjon om rutinar og retningsliner.
Alle lærlingane i Kvinnherad kommune har eigne rettleiarar ute på arbeidsplassane. Rettleiarane er dyktige fagfolk tilsett i kommunen som kjenner kvardagen lærlingane skal bli ein del av og gjer ein viktig innsats i å forbereda dei på yrkeslivet.
Kvinnherad kommune gler seg over å få med fleire lærlingar i tillegg til dei som allereie er godt i gang, og ynskjer alle lukka til!
Fagoversikt:
Emilie Meling, Helsefagarbeidar
Mona Voll, Barne- og ungdomsarbeidar
Selma Kleveland Kvalheim, Helsefagarbeidar
Jenny Christin Eide, Helsefagarbeidar
Oda Helland Lillesletten, Helsefagarbeidar
Madeleine Mikkelsen Kjærstad Berge, Helsefagarbeidar
Szymon Michal Jachacy, IKT
Elisabet Brakestad Boge, Helsefagarbeidar
Cecilie Røstbø, Barne- og ungdomsarbeidar
Sandrine Marie Nilsen Enæs, Helsefagarbeidar