Her får du tre gode grunnar til at du bør parkera med fronten ut:
- Du har betre oversikt over parkeringsplassen når du kjem køyrande inn. Difor er det smartare å rygga inn i ei parkeringslomme når du kjem enn når du forlèt parkeringsplassen.
- Parkeringsplassen kan vera oversiktleg og ha god plass når du parkerer, men kan fort bli full og uoversiktleg når du skal køyra ut.
- Andre har betre oversikt enn deg. Det er lettare å bli merksam på ein bil som er i ferd med å rygga inn i ei parkeringslomme enn når den er i ferd med å rygga ut. Då vil det vera enklare for gåande og andre køyrande å ta førehandsreglar.
Meir informasjon finn du her