Kvinnherad kommune har eit framifrå utgangspunkt – uansett målsetting
- Målsettingane skal organisasjonen nå gjennom planar som synleggjer prioriteringar, handlingsrom og føreseieleg gjennomføringsevne. Dei overordna måla for Kvinnherad som samfunn og organisasjon er synleggjort i kommuneplanen sin samfunnsdel, som vart vedtatt av kommunestyret i 2022 under perspektiva «Grøn, Frisk og Attraktiv» , innleia kommunedirektøren.
Kommunedirektør sitt forslag til økonomiplan 2024-2027 legg opp til eit driftsoverskot ved utgangen av perioden, slik at kommunen ikkje er avhengig av å selja seg ned i Kraftfondet for å dekka inn underskot på drifta. 
-Då vil kommunen venteleg vera i posisjon til å gjera investeringar med solide eigenkapitalbidrag, og med det frigjera handlingsrom for politiske prioriteringar dei komande åra, orienterte Mikkelsen.

I Kvinnherad har vi god grunn til å vera stolte av kommunen vår  
-I tida framover skal vi gjera kommunen til ein endå betre heimstad og arbeidsplass. Vi er godt på veg allereie. Kvinnherad kommune skal vera kjenneteikna av eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø, som saman med heiltidskultur og eit trygt og støttande arbeidsfellesskap skal gjera kommunen attraktiv i arbeidet med å rekruttera kompetente, gode kollegaer, sa kommunedirektøren.

Her kan du lesa Handlings- og økonomiplan 2024-2027 i sin heilskap 

Niels Jakob.jpg
Økonomisjef Niels Jakob Erlingson gjekk gjennom detaljane. Foto: Kvinnherad kommune

Vidare prosess for Handlings- og økonomiplan 2024-2027 ser slik ut:

  • 9. november: Budsjettsamling formannskapet, gruppeleiarar, kommunedirektøren si leiargruppe og hovudtillitsvalte
  • 23. november: Handsaming i formannskapet
  • 14. desember: Handsaming i kommunestyret


Presentasjonen vert publisert her i etterkant