Markerte høgtideleg byggestart av nye Husnes barneskule
Publisert
Jubelen var stor då ordførar Vegard Bjørnevik markerte byggestart av den nye barneskulen på Husnes i dag. Foto: Kvinnherad kommune
Ordførar Vegard Bjørnevik fekk æra av å setja gravemaskinsgrabben i jorda, og markerte såleis byggjeprosessen for nye Husnes barneskule i gang.
Undarheim barneskule sette reine 17. mai-stemninga då dei kom gåande oppover i tog – med både fane, flagg og ballongar. Jubelen var stor då Bjørnevik erklærte bygginga av den nye skulen for i gang.
Utbyggjar er Consto Bergen AS, og skulen skal etter planen stå ferdig til årsskiftet 2025/26.