Kjernejournal er ei nasjonal satsing og eit samarbeid mellom Norsk Helsenett, Helse Norge og journalleverandørane.
Målet med å ta i bruk kjernejournal er å auka pasientsikkerheita ved å gje tilgang til viktig informasjon når ein pasient vert flytta mellom omsorgsnivå, og i akuttsituasjonar.
I kjernejournalen finn ein:
- Kritisk informasjon
- Pasienten sine registreringar
- Legemiddel (kjelde reseptformidlaren)
- Journaldokument (epikrise og samanfatningar)
- Prøvesvar (folkehelseinstituttet)
- Vaksinar (SYSVAK)
- Oversikt over besøk i spesialisthelsetenesta (Norsk pasientregister)
Tilgang Kjernejournal:
- Pasientar har tilgang til eigen Kjernejournal via Helse Norge
- Fastlegen kan lesa og leggja inn helseopplysningar via sitt journalsystem
- Spesialisthelsetenesta legg inn helseopplysningar via sitt journalsystem
- Pleie og omsorg kan lesa og leggja inn helseopplysningar (etter autorisasjon) via sitt journalsystem
- Pasienten bestemmer om noko ikkje skal visa i kjernejournal
Oppslag i kjernejournal følgjer gjeldande bestemmingar om teieplikt og behandling av helseopplysningar. Bruk av kjernejournal blir logga som ved anna oppslag i pasientjournal.
Her finn du meir info: