Utleigar må ha som føremål å eige, forvalte og leige ut bustader. Bustadene skal vera eit tillegg til kommunen sine eigne utleigebustader.

Tilvisingsavtala gir kommunen tilvisingsrett til alle bustadene i prosjektet, men avgrensa til maksimalt 40% av bustadene til kvar tid. Målgruppa er vanskelegstilte i bustadmarknaden. Dei resterande 60% eller meir kan utleigar legge ut i den opne marknaden. Merk: Dette gjeld om prosjektet har fleire enn fire bustader. Om prosjektet har fire bustader eller færre, har kommunen tilvisingsrett til alle bustadene til kvar tid. Eigar/utleigar varslar kommunen skriftleg når ein bustad blir ledig. Om kommunen ikkje har behov for bustaden kan den leigast ut i den ordinære marknaden med fem års varigheit. Utleigar opprettar leigekontrakt direkte med den enkelte leigetakar. Tilvisingsavtala mellom kommunen og utleigar varer i minimum 20 år, og blir tinglyst som hefte på eigedomen.

Bustadene 
Kvinnherad kommune treng til sitt eige behov (innanfor 40%-kvoten)

  • 4 stk to-roms leilegheiter som er tilpassa einslege
  • 4 stk tre-roms leilegheiter som er tilpassa par/mindre familiar
  • 2 stk to-roms leilegheiter som tilfredsstiller Husbanken sine krav til livsløpbustader. 
  • 3 stk fire-roms bustader tilpassa familiar 

Det er aktuelt at bustadene blir fordelte på fleire prosjekt. Kommunen kan dermed opprette avtale med meir enn ein utleigar.

Kvinnherad kommune stiller krav om at bustadene har god kvalitet og føremålstenleg utforming, planløysing og arealeffektivitet. Bustadene blir utforma etter gjeldande forskrift (TEK 17). Eventuelle avvik frå gjeldande reguleringsplan vil som minimum krevje dispensasjonsvedtak. Det enkelte prosjekt skal ha gode felles- og uteareal med leikeareal for barn.

Husbankfinansiering
Ved etablering av utleigebustader for vanskelegstilte gjennom nybygging eller ombygging, kan Husbanken etter søknad finansiere inntil 85% av prosjektkostnadene. Lånet blir gjeve som annuitetslån med løpetid på inntil 50 år og eitt års avdragsfriheit.

Les meir om vilkår her


Krav til samarbeidspart og tilbod
Ved val av samarbeidspart vil kommunen leggje vekt på:

  • Beskriving av utleigeselskapet/ omtale av utleigar som seriøs aktør 
  • at bustadene er sentrumsnære, og nokre i nærleik til tenester der kommunen har heildøgns bemanning
  • husleigenivå
  • god klima-, miljø- og bustadstandard
  • framdriftsplan med tidspunkt for ferdigstilling
  • plan for tett oppfølging av leigetakarar og bumiljø. 

Tilbodet må innehalde planteikningar, tverrsnitt og fasadeteikningar, beskriving av utleigeselskapet og situasjonsplan for området med illustrasjon av leikeområdet og plassering av dette. . Utleigar må sjølv skaffe tomt. 

All innsendt dokumentasjon frå tilbydarar vil bli behandla konfidensielt inntil eventuell avtale er oppretta.

Innlevering av tilbod
Kvinnherad kommune legger opp til to søknadsrundar. Tilbod merka "Tilbod tilvisingsbustader" skal sendast til post@kvinnherad.kommune.no innan 20. mai 2024 og 2. september 2024.  Interesserte utbyggjarar kan ta kontakt og be om dialogmøte med kommunen.

Spørsmål kan rettast til Ståle Hallingstad stale.hallingstad@kvinnherad.kommune.no, tlf. 91 70 54 36, 
eller Knut Bjørgvik knut.bjorgvik@kvinnherad.kommune.no, tlf. 48 86 94 66.