Sjølv om det berre er ein kort tur heim, må du la bilen stå! Du har òg eit ansvar for å melda frå om du veit eller mistenkjer at nokon køyrer ruspåverka.  Køyring i ruspåverka tilstand er ei medverkande årsak til mange alvorlege ulykker på norske vegar. Hugs også at promillen kan sitja i dagen derpå. 
Ver sikker på at du er i stand til å køyra bil før du sett deg bak rattet.