Det er nokre ledige plassar og det vert difor opna opp for at fleire kan delta. 
-Om du er utbyggar, grunneigar, næringsdrivande eller har stor interesse for temaet er du velkomen til å melde deg på, oppmodar ordførar Vegard Bjørnevik.

Påmelding sendast til grete.solheim@kvinnherad.kommune.no innan fredag 16.02.2024. 

 

Tema for kurset, ikkje kronologisk:

  • Definisjon av utbyggingsavtalar, reguleringsplan og planbestemmingar/rekkefølgjekrav
  • Kvifor er utbyggingsavtalar og rekkefølgjekrav viktig, og ava er samanhengen mellom dei
  • Reglane om utbyggingsavtalar
  • Andre verkemiddel og avtalemodellar for gjennomføring av arealplanar, og nærare forklaring av fleire av desse:
    - Finansiering, fordelingsgrunnlag, forskottering, byggherreansvar, mva-avtalar, grunnerverv og ekspropriasjon, kommunaltekniske gjennomføringsavtalar, refusjon, m2/BRA-pris, private finansieringsavtalar 
  • Kvifor oppstår problema med å gjennomføra arealplanar?
  • Oversikt over prosesser, avtaleforhandlingar m.m.
  • Praktiske eksempel på utfordringar og løysingar – eksempel frå planprosessar og utbyggingsavtaleforhandlingar
  • Kort om pbl. § 18-1
  • Korleis laga gjennomførlege reguleringsplanar?
  • Kva bør ein kunna om utbyggingsavtalar som ikkje står i lova?
  • Korleis laga gjennomføringsstrategiar, og kva meinast med «gjennomføringsstrategi»?
  • Kva gjer ein dersom plan er vedteken og finansiering manglar?
  • Om fylkeskommunale rekkefølgjekrav – forklaring og eksempel
  • Kort om rettspraksis
  • Oversikt over det pågåande lovarbeidet (endringar i regelverk om utbyggingsavtaler og nye verkemiddel)