Gode sambygdingar,

Julefreden er i ferd med å senka seg over Kvinnherad, og me går inn i ei tid fylt med kjærleik, varme og fellesskap. Jula er ei tid for å vera saman med familie og vener, og for gode refleksjonar over året som har gått.

2024 har vore eit spennande og lærerikt år for meg som ordførar i denne fantastiske kommunen. Kvinnherad har mykje å by på, frå det mangfaldige næringslivet til dei unike bygdesamfunna våre. Ei av dei største gledene i jobben min er å møta menneska som bur her – dykk som utgjer hjartet i kommunen vår. Samstundes er vårt største ansvar å gjera vedtak i kommunestyret som kollegium slik at de kan leva gode liv og kvardagar.

Gjennom året har eg hatt mange fine møte, både på tilstellingar, i kvardagslege samtalar og i møte med engasjerte innbyggjarar. Dette viser kor mykje me alle bryr oss om utviklinga av kommunen vår. Dykkar engasjement gjev meg tru på at me saman kan skapa eit endå betre Kvinnherad for framtidige generasjonar.

Verda rundt oss er i endring, og me har sett korleis krig og uro påverkar menneske og samfunn. Å besøka Ukraina i år var ei sterk påminning om kor privilegerte me er her i Noreg, og kor viktig det er å visa omsorg og solidaritet, både heime og ute.

Eg vil nytta høvet til å takka alle innbyggjarar, tilsette i kommunen og dei folkevalde for innsatsen i året som har gått. Det er saman me kan løyse oppgåvene og leggja grunnlaget for ein berekraftig og inkluderande kommune.

Eg ynskjer dykk alle ei fredeleg og god jul, og eit riktig godt nytt år! Må høgtida fylla heimane dykkar med glede, varme og tru.

 

Vegard Bjørnevik

Ordførar