Stad: Kvinnherad Næringsservice sine lokale, Stabburshaugen 5, Husnes
Tid: Onsdag 30. oktober klokka 09:00
Påmelding: bms@naeringsservice.no

Det vert enkel servering.

Kommunestyret har sett av 10 millionar kroner til tiltak som skal gå til stimulering av bustadmarknaden i Kvinnherad. I vedtaket som ligg til grunn, står det mellom anna at «Det skal satsast på bygging av nye kommunale utleigebustadar, gjerne i samarbeid med private aktørar òg/eller bustadbyggjelag»

Kommunestyret ønskte at byggjenæringa spesielt vart invitert til dialog under saksførebuinga, slik at innspel frå bransjen kan vera del av saksutgreiinga. Kommunen ønskjer difor innspel til korleis midlane best kan brukast til å nå målet om auka bustadbygging i Kvinnherad. 

Særleg er me interesserte i korleis det kan etablerast fleire utleigebustadar.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Me håpar bransjen og andre interesserte vil koma med innspel, og ønskjer hjarteleg velkomne til møte!