Datoane for influensa - og koronavaksinering 2023:
Rosendal samfunnshus:
23.10 kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
24.10 kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
Husnes kulturhus:
25.10 kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
26.10 kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
27.10 kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
Influensavaksine kr 280
Koronavaksine: Gratis
Betaling via bankterminal eller vipps: #795008
Frå veke 43 kan du òg ta vaksinane hos fastlegen din. Kapasiteten der vil vera avgrensa, så de som ønskjer influensa-/koronavaksine bør primært nytta seg av vaksinasjonsdagane som er sett opp. Fastlegen har eigne prisar.
Det vert ikkje tilbod om pneumokokkvaksine på massevaksinasjonsdagane, då den ikkje kan takast saman med koronavaksinen. Ta kontakt med din fastlege om du treng påfyll av pneumokokkvaksine.
Pneumokokkvaksine bør takast kvart 6.år.
Her finn du meir informasjon om vaksinane
For vaksinering av barn eller yngre skulebarn - ta kontakt med helsesjukepleiar/skulehelsetenesta for å avtala time.
Vaksine mot influensa:
Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa, men enkelte risikogrupper er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre.
Barn og vaksne i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:
• Alle frå fylte 65 år
• Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustadar.
• Barn og vaksne med:
• kronisk lungesjukdom
• kronisk hjarte- og karsjukdom
• kronisk leversvikt
• kronisk nyresvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
• nedsett immunforsvar
• diabetes mellitus, type 1 og 2
• svært alvorleg fedme (BMI over 40)
• annan alvorleg eller kronisk sjukdom
• Gravide frå 12. svangerskapsuke
• Prematurt fødde barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, (frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år.
I tillegg vert influensavaksine anbefalt til følgjande grupper, primært for å verne andre:
- Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
- Personar som bur i lag med eller er nær immunsupprimerte
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande gris.
Vi tilrår at personar frå nemnde grupper tek vaksine mot sesonginfluensa årleg. Influensavaksine gir vern mot fleire typar influensavirus.
Vaksine mot korona:
Koronaviruset gjev sjukdom i luftvegane. Mange får ingen eller milde symptom, men nokon blir alvorleg sjuke. Meininga med å vaksinere mot koronavirus er å førebyggje alvorleg sjukdom og død. Vernet du har oppnådd etter tidlegare vaksinedosar eller etter gjennomgått sjukdom, vil bli svakare over tid. FHI rår difor til at dei som er mest utsette for alvorleg koronasjukdom, tar ein ny dose før vintersesongen 23/24.
Koronavaksinen kan takast saman med influensavaksinen.
Kven blir tilrådd ny dose koronavaksine før haust/vintersesong 2023/24?
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
- Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
- Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
- Born 6 månader - 11 år med alvorleg grunnsjukdom om barnet sin lege vurderer dette som viktig.
- Gravide i 2- og 3- trimester
Med risikogruppe meiner ein personar som har enkelte sjukdomar eller tilstandar som gjev auka risiko for å bli alvorleg sjuk av korona.
Er du usikker på om du er i ei risikogruppe, kan du lesa meir på fhi.no eller spørja legen din.
Det er den oppdaterte vaksinen Comirnaty Omicron XBB.1.5 som vert tilbudd frå veke 43. Denne vaksinen dekker undervariantar av koronaviruset, omikron, som sirkulerer nå.
Vaksinen er gratis.
Vaksine mot pneumokokksjukdom:
Pneumokokk er ein bakterie som kan gi lungebetennelse, øyrebetennelse eller biholebetennelse, men og alvorleg sjukdom som blodforgifting eller hjernehinnebetennelse som mange døyr av.
Ta vaksine dersom du er :
- 65 år eller eldre
- Har sjukdom som gir immunsvikt
- Brukar medisin som svekker immunforsvaret
- Har sjukdomar eller andre tilstandar som gir auka risiko
- Risiko for smitte gjennom jobb
Pneumokokkvaksine bør takast kvart 6.år.
Pneumokokk – og influensavaksine kan takast samtidig, men i kvar sin arm. For pneumokokkvaksine og koronavaksine bør det går ei veke mellom.