Plan- teknikk- og miljøutvalet i Kvinnherad vedtok 10.09.2024, sak 2024/35, at forslag til områderegulering for Rosendal tettstad, PlanID 20190002, vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Dette på gjevne vilkår.

Det er føresett oppheving av følgjande planar når reguleringsplanen vert vedteken:
• PlanID 19850002 Rosendal Sentrum 
• PlanID 19920010 Malmanger, Rosendal 
• PlanID 20110008 Endring av deler av Rosendal sentrum - 82/89, 30  
• PlanID 20070003 Rosendal sentrum 

Tettstaden Rosendal skal vidareutviklast som eit attraktivt kommunesenter, med fokus på næring, kulturkvalitetar, turisme med nærleik til sjø, fjell og fonn, og med alle dei særkvalitetar som Rosendal har. Uterom og offentleg rom skal ha høg kvalitet, og det skal definerast areal til idrettshall og framtidig offentlege tenester. Områdeplanen skal fastsetje hovudtrekka til infrastrukturen og vidareføring av denne. Rosendal skal i framtida utgjere sin del av ein attraktive, frisk og grøn kommune.

Målet med planarbeidet er å få ei framtidsretta og heilskapleg planlegging av Rosendal sentrum. I arbeidet vil det verte lagt vekt på sentrumsfunksjonane der Rosendal opnar seg mot fjorden. Tematisk skal det leggast til rette for bustader, næring, handel, turisme og offentlege funksjonar som skule, idrett, torg, park, leikeområde, osb. Det skal leggast til rette for betre infrastruktur, trafikktryggleik og universell utforming. Særs viktige brikker er ny idrettshall, eit variert bustadtilbod og strandpromenade. 

Planen er utforma som ei områderegulering, og skal difor legge grunnlag for den vidare planlegginga med å definere dei overordna rammene for Rosendal sentrum, som grønstruktur, samferdsle, friluftsområde, offentlege tenester og anna.

Kvinnherad kommune er forslagsstillar for planen og plankonsulent er 3RW Arkitekter AS. 

Planarbeidet vart lagt fram i planforum første gong 27.08.2019.
Det vart halde folkemøte i Samfunnshuset i Rosendal 05.11.2019. Oppstart av planarbeidet vart varsla den 27.04.2020, med innspelsfrist 19.06.2020. 
Planarbeidet vart lagt fram i planforum 2. gang 20.04.2021.
Kommunen har knytt til seg referansegruppe i arbeidet, og det har vore ein lang prosess med mange møter fram til endeleg planforslag.

Plandokumenta med vedlegg finn de i planarkivet vårt her 

Frist for merknadar til planforslaget er minst 6 veker, og vert sett til 08.11.2024

Fråsegn eller merknad skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Ta kontakt ved spørsmål: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no