Plan-, teknikk- og miljøutvalet vedtok i møte 10.11.2024 at detaljregulering for Ullvarehagen bustadområde – Rosendal – 82/94 med fleire, PlanID 20220007, sendast på høyring og offentleg ettersyn.
Forslag til detaljregulering er utarbeida av Byggadministrasjonen Harald Bjørndal AS på vegne av Ullvarehagen AS. Detaljreguleringa har som føremål å leggje til rette for bustadutvikling i Rosendal med 65 nye bueiningar som eit fortettingsprosjekt. Eksisterande leiligheitsblokk med 15 bueiningar er innlemma i planområdet. Ny tilkomstveg er planlagt langs Melselva frå Baronivegen. Planforslaget skal forbetre trafikktryggleik, og det er regulert fortau for å sikre mjuke trafikkantar Utbygginga inneber rivning av den gamle Ullvarefabrikken. Planområdet inngår i det kulturhistoriske landskapet av nasjonal interesse i Rosendal, og ligg tett på private eigedommar med småhusbebyggelse og naturverdiane tilknyt elva.
Plandokument er tilgjengeleg i planregisteret under planbehandlingar. Plankartet er også tilgjengeleg i kommunekart.
Byggadministrasjonen Harald Bjørndal AS skal på vegne av tiltakshavar halde informasjonsmøte
For å medverke i det vidare planarbeidet kan ein sende inn skriftleg merknad.
Merknad sendast til post@kvinnherad.kommune.no, eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, innan frist 01.11.2024
I den vidare planprosessen vert merknader vurdert før 2. gongsbehandling. Når reguleringsplanen er endeleg vedtatt vil den vere juridisk bindande for tiltak innanfor planområde.