Meldingane gjer ei overordna skildring av Statnett sine planar og forslag til kva konsekvensutgreiingar dei meiner må gjennomførast før det kan søkjast om konsesjon. Tiltaket påverkar Sauda, Etne, Kvinnherad, Ullensvang, Kvam, Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver, Askøy og Øygarden kommunar. 

Dei tre meldingane sendast med dette på ei felles høyring. Høyringsfristen er sett til 16. januar 2025. 

To av dei tre meldingane omhandlar Kvinnherad, og er tilgjengelege på NVE sine nettsider: 

420 kV Sauda–Blåfalli

420 kV Blåfalli–Mauranger–Samnanger

Kva slags innspel ønskjer NVE i samband med høyringa? 

Gjennom høyringa av meldingane ønskjer NVE spesielt innspel på følgjande: 

• Manglar i Statnett sine forslag til konsekvensutgreiingar (utgreiingsprogram), eksempelvis tema eller spesielle lokale forhold som ikkje er vareteke og metodar som bør nyttast til særskilde tema i utgreiingane. 

• Innspel til Statnett sine melde leidningstrasear 

• Om det er nye trasear som bør greiast ut utover dei som er melde Det er først etter høyringa av konsesjonssøknadene seinare i prosessen NVE vil ta stilling til om Statnett skal få lov til å byggje kraftleidningane. Vi gjer derfor merksame på at innspel for eller mot tiltaka, under dette behovet for tiltaka, er mindre relevante i denne høyringa. 

Korleis kan høyringsfråsegner sendast inn?
Du kan send høyringsinnspel til tiltaka via lenkjene til meldingane over.

Det er også mogleg å sende fråsegner på e-post. Merk e-posten med «Høyringsfråsegn» og saksnummer 202314829 for strekninga Sauda–Blåfalli, 202410184 for strekninga Blåfalli– Mauranger–Samnanger eller 202402439 for strekninga Samnanger–Øygarden. Hugs å oppgje namn og eventuelt organisasjonsnummer i innleiinga. 

Høyringsinnspel kan også sendast per brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 Oslo. 

Høyringsfråsegner må sendast til NVE innan 16. januar 2025. 

Offentlege møte om prosjekta 
NVE vil halde offentlege møte om tiltaka. Vi vil varsle om tid og stad for møta via eige brev seinare. Møta vil også annonserast i aktuelle aviser. På møta vil NVE orientere om behandlinga av meldingane. Statnett vil vere til stades og orientere om planane sine. Møta vil vere opne for alle interesserte. 

Har du spørsmål om saka? 
Spørsmål om Statnetts planar kan rettast til prosjektleiar Kenneth Teigenes, tlf. 45 02 27 27, e-post kenneth.teigenes@statnett.no eller kommunikasjonsrådgjevar Marianne Veggeberg, tlf. 95 09 53 12, e-post marianne.veggeberg@statnett.no.

Opplysningar om NVEs sakshandsaming kan ein få ved å kontakta NVE på e-post: nettkonsesjoner@nve.no