Kommunen sitt ansvar
Kommunen skal sørga for at personar som oppheld seg i kommunen, får nødvendige helse- og omsorgstenester. Ansvaret gjeld alle pasient- og brukargrupper, som personar med somatisk eller psykisk sjukdom, skader eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne.
Tenesta:
- Opplæring og vegleiing i høve meistring av sjukdom
- Hjelp til å ivareta eigenomsorg
- Hjelp til medikament
- Oppfølging av ulik behandling når brukar ikkje kan møte hos fastlege for å ivareta dette (t.d. sår, injeksjonar)
- Pårørandestøtte
- Omsorg ved livets slutt
Tenesta vert tildelt på bakgrunn av individuell vurdering. Ved behov for tenesta utover 14 dagar vert tenesta ytt på bakgrunn av enkeltvedtak. Tenesta har ikkje eigenbetaling.