Godt samliv er eit kurs som skal hjelpa og støtta foreldre i ei tid med store forandringar og nye utfordringar. Intensjonen med kurset er å gi kunnskap og råd til førstegongsforeldre om kva som bidrar til gode og varige samliv. Gjennom kurset har ein fokus på korleis vera ein god partnar i ei sårbar tid når ein går frå å vera eit par til å bli ein familie på tre.
I haust blir det eitt kurs fordelt på to kveldar i Kvinnherad Arena:
Måndag 28.10.24, kl. 16 – 20
Måndag 11.11.24, kl. 16 – 20
Det vil blir servert varm mat.
For påmelding kan du kontakta jordmor eller helsestasjon, eventuelt kan du ta direkte kontakt med helsesjukepleiarane Ingunn Sæverud Jensen (97 07 46 78) eller Solgunn Lyhammer Ask (90 96 87 81).
Det vil bli sett opp fleire kurs til våren.