For Kvinnherad sin del er det ikkje meldt om alvorlege skadar til no. Det er meldt om nokre vegar som er prega av flaum, det ligg fullstendig og oppdatert oversikt her: 175.no

Politiet oppmodar om å unngå unødvendig ferdsel på vegane i distrikta.

Elvane er store no og det er venta at dei blir større utover dagen og kvelden, og me oppmodar alle om å unngå å ferdast i nærleiken av elvar og bekker. Det er venta aukande vasstand utover og kvelden og natta. Pass på at lause gjenstandar ikkje blir tatt av elva. Dersom store gjenstandar blir tatt med elva kan det vera risiko for at elva lagar nye vassvegar.

Folk vert også oppmoda om å gjere førebyggande tiltak som kan bidra til at vatnet kan renne fritt i det naturlege løpet. Det kan t.d. vere å halda auga med stikkrenner, rister, kulvertar, bekker og andre vassvegar.

Meterologisk Institutt har oppgradert farevarselet for regn for deler av fylket til raudt nivå.
Varsel fra Meteorologisk Institutt for Midtre og indre strøk av Vestland | Varsom.no

NVE har òg oppdatert sitt farevarsel for jord- og flaumskredfare for deler av fylket til raudt nivå:
Flom- og jordskredvarsel | Varsom.no

Kommunen oppmodar alle om å halda seg oppdatert på farevarsla på www.varsom.no