Tilbakemelding frå foreldre som har delteke tidlegare;
«Dette anbefalar vi for alle»
«Dette er også for foreldre som ikkje kjenner eit stort behov for rettleiing»
«Samlingane gir ei større forståing for barnet sine behov og reaksjonar»
Gruppe 1
Samlingane blir tysdagar kl 17.00-18.30 og starter tysdag 14.januar.
Oppmøteplass blir Espira barnehage.
Påmelding til gruppe 1 innan fredag 10.januar:
Linda Saghaug mob. 90 36 83 61 eller Ann Katrin A.Haugland mob. 94 84 37 31
Gruppe 2
Samlingane blir torsdagar kl 12.45-14.15 og starter torsdag 16.januar.
Oppmøteplass blir Kvinnherad arena 2.etg.
Påmelding til gruppe 2 innan måndag 13.januar:
Ann Helen Lyngnes mob. 90 40 83 04 eller Martha G. Tjelle mob. 46 91 78 89
Gruppe 3
Samlingane blir torsdagar kl 17.00-18.30 og starter torsdag 16.januar.
Oppmøteplass blir Kulturhuset Husnes, møterom 1 og 2
Påmelding til gruppe 3 innan måndag 13.januar:
Anette Huse mob. 48 86 27 13 eller Anita Røen mob. 99 08 40 48
Målgruppa er foreldre og andre omsorgspersonar for born i alderen 10 månadar til 8 år.
Kurset er for alle. Du treng ikkje oppleva at foreldrerolla er spesielt vanskeleg eller at bornet ditt har særskilde behov, for å delta. Kurset føregår i grupper med ca 10 omsorgspersonar over 8 samlingar med ei varigheit på ca. 1,5 time ein gong i veka. Samlingane er gratis.
Vi har tidlegare erfart at det er kjekt om venegrupper melder seg på cos-p saman. Vener som dannar eiga gruppe kan ta kontakt for å få cos-p samlingar.