Les om fritidsbustadprosjektet her

Oppdatering av brukseining frå kode U (unummerert) til F
Kommunen går i gang med retting av fritidsbustader som har unummerert brukseining i matrikkelen. Unummererte brukseiningar blir retta frå U til F (fritidsbustad). Det blir ikkje gjort andre endringar på bygningen. 

Førehandsvarsling
Kommunen ser på denne matrikkelføringa som registertekniske forhold og det vil difor gjennomførast utan ytterlegare kunngjering til den enkelte grunneigar.
Jamfør matrikkelforskrifta § 10 andre ledd.

Underretning
Når rettinga er utført vil underretninga skje på kommunen si heimeside og andre informasjonskanalar. Jamfør matrikkelforskrifta § 10 sjuande ledd.