Som ein del av markeringa vart FN-flagget heist ved rådhuset i dag, saman med to norske flagg for å understreka støtta vår til FN og organisasjonen sitt utrettelege arbeid for fred, rettferd og menneskerettar. Dette er første gong me har FN-flagget i Kvinnherad. Ordførar Bjørnevik stod sjølv for heisinga av det nyinnkjøpte flagget.
FN-dagen er ein dag til å reflektera over dei grunnleggjande rettane som gjeld for alle menneske, uavhengig av bakgrunn, kjønn eller status. Desse rettane, nedfelt i FN si menneskerettserklæring, omfattar mellom anna retten til liv, fridom, tryggleik, likestilling, ytringsfridom og rettferdig behandling. Me i Kvinnherad kommune ønskjer å retta ekstra fokus mot desse rettane, som er grunnleggjande for eit rettferdig og inkluderande samfunn.