Sokneprest Kjersti Brakestad Boge opna markeringa, etterfølgd av to jenter frå 9. trinn ved Rosendal ungdomsskule. Ebba Hermann-Fossli og Kaylah Bermillo Stensletten framførte eit dikt som dei hadde oversett til norsk av den palestinske forfattaren Refaat Akareerm som døydde i eit israelsk luftangrep rett før jul:

Hvis jeg må dø,
må du leve

for å fortelle min historie
og selge tingene mine
og kjøpe et tøystykke
og noen strenger - gjør den hvit med lang hale
slik at et barn, et sted i Gaza
mens det ser himmelen i lynene
venter på faren hans som dro i brann -

uten å si farvel

ikke engang til sine
ikke engang til seg selv – 
se dragen, dragen min som du har laget, fly der oppe
og tenker først det er en engel
som kommer for å bringe kjærligheten tilbake

Hvis jeg må dø
la det bringe håp
la det være en fortelling

 

Formannskapsmedlem Per Harald H Löfgren Johansen hadde fått talaroppdraget, og avslutta i kjend stil med eit sjølvskrive dikt:

Vyrde veteran

Stå opp, stå opp, ver rak i rygg
Du passa på oss, heldt oss trygg
Med dine krefter, bar du landet
Braut opp lenkjer, kutta bandet

Varder brann og veten knitra
Landet fraus og folket splittra
du stod fram og tok du tørn
Kjempa som ein såra bjørn

Kjempa for dei gode krefter
Kjempa mot dei grelle kjeftar

I dag skal bygda takka deg
For ditt mot, det viste veg
Ved til fridom, veg til ro
Veg til tryggleik, tryggleik no

Vi løftar flagget, gjev salutt
Vi fekk vår fridom, heilt til slutt
Vi fekk den grunna falne menn
Vi fekk den grunna deg min venn

Fridomskjempar, tryggleiksmakt
Vyrde veteran, giv akt!

 

Svein Rekkedal og Asle Sund frå NIVO – Noregs Veteranforbund for Internasjonale Operasjonar
Mange møtte opp for markeringa i Rosendal
F.v: Sektorleiar Anbjørn Høivik, formannskapsmedlem Per Harald H.L. Johansen, sokneprest Kjersti Brakestad Boge og Lars Børge Sæberg frå Norsk Reserveoffiserars Forbund.
Kransenedlegging ved Per Harald H. L. Johansen

Alle foto: Kvinnherad kommune