Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Fleire kan få bustøtte til høge straumutgifter - Søknadsfrist 31. desember

Fleire minstepensjonistar, uføre og andre med låge inntekter kan få bustøtte i vinter, etter at regjeringen og SV vart einige om ein straumpakke. For å få utbetaling i januar, må du søkje innan 31. desember. 

Regjeringen og SV har avtalt å styrke bustøtta slik at fleire med låge inntekter og høge buutgifter kan få bustøtte til høge straumutgifter. Tiltaket gjeld utbetalingar i januar, februar og mars. Foreløpige berekningar viser at dei nye bustøttemottakarne vil få i gjennomsnitt 1100 kroner i støtte per månad.

Søk så snart som mogeleg – frist 31. desember

Husbanken har utsett søknadsfristen knytta til utbetalingen i januar til 31. desember, slik at flest mogeleg skal rekkje å søkje. For å få utbetaling i januar, er det svært viktig at du som ikkje allereie mottek bustøtte, søkjer innan 31. desember. Du som allereie mottek bustøtte, treng ikkje søkje på nytt.  

Du kan enkelt sjekke om du kan få bustøtte med bustøttekalkulatoren.

Her kan du søkje om bustøtte

Hvis du har problemer med å søkje elektronisk, må du ta kontakt med kommunen der du bur. Mange kommuner har redusert kapasitet framover på grunn av korona og ferieavvikling, så vi oppfordrer alle til å søkje så raskt som mogeleg.

Her kan du finne ut  kor høg inntekt du kan ha for å få bustøtte.

Søknadsfristen for utbetalinga i februar er 25. januar, mens fristen for utbetalinga i mars er 25. februar.

Grensa for månadsinntekt veks

Forslaget som regjeringen og SV er einige om innebær blant anna at grensa for kva inntekt du kan ha for å få bustøtte blir høgare for utbetalingane i januar, februar og mars.

Inntektsgrensa for einslege blir for eksempel høgare enn minsteytelsen i uføretrygda, slik at mange einslige uføre får rett til bustøtte i vinter. Det same gjeld andre grupper med låge inntekter, for eksempel en del minstepensjonistar. Eit par eksempler:

  • Ein enslig ung ufør får økt grensa for månedsinntekt med 2100 kroner.
  • Ein barnefamilie med fire barn i Oslo får økt inntektsgrensen med 9400 kr per måned.

Reglane for formue fjerna mellombels

Med det vanlege regelverket kan formue være til hinder for at personar med låge inntekter, men som for eksempel eig bustaden sin, kan få bustøtte. For dei tre utbetalingane som er innbefatta av avtalen fjernes reglene knytta til formue, slik at også denne gruppa kan få støtte.

Ekstra strømstøtte i desember

Alle som mottek bustøtte for november, får en ekstra utbetaling på 1500 kroner. Dei som er fleire enn ein i husstanden, får 150 kroner i tillegg for kvar ekstra person. Ekstra støtte blei utbetalt samtidig med buostøtta 20. desember.

Om du fekk utbetalt AAP tre ganger i november, får du venteleg avslag på bustøtte på grunn av for høg inntekt. Då vil du heller ikke få støtte til straum. Du kan ikkje klage på dette grunnlaget.  

Regjeringen har også varsla at dei vil foreslå ekstrautbetalingar fra januar til og med mars 2022. Dette gjeld alle bustøttemottakere, også dei som får mellombels rett til bustøtte grunna økte inntektsgrenser.

Sist oppdatert 21. desember 2021