Ved behov for akutt legetime må du ringja oss klokka 08.00 for time same dag. Me ber om forståing for at det kan oppstå noko ventetid, både når det gjeld konsultasjonar og e-meldingar.

Hatlestrand helsesenter vil vera stengt i veke 30, 31 og 32. Kollegaene våre frå Rosendal helsesenter skal ta seg av akutte timar og andre ting som ikkje kan venta til fastlegen kjem tilbake. Dersom ein opplever nedsett tilgjengelegheit, kan ein kontakta legevakta. 

Hugs å fornya reseptar før sommarferien. 

Ha ein riktig fin sommar!