---
Telenor har meldt om utfall i ein del basestasjonar i Kvinnherad. Entreprenør er varsla for å starta arbeidet med å utbetra feilen. I tillegg har Telia meldt om utfordringar med basestasjonane i Husnesområdet.
Ein god del kundar har og brot på breibandsambandet.
Det er ikkje registrert utfall i Nødnett.
Nkom har desse råda til brukarane:
- Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i eit område, er det mogleg å ringe nødnummeret 112 for alle naudsituasjonar via roaming (gjesting) hjå andre operatørar som har dekning.
- Viss ein har trådlaust breiband har dei fleste høve til å ringe med WIFI tale
Slik aktiverer du WiFi Tale - Flytte seg seg til eit område som har mobildekning
For kontakt med Husnes helsesenter ringer du legevakt 116 117 ved akutt behov. Bruk gjerne helsenorge.no for førespurnadar som ikkje hastar om du har tilgang til det.
NAV Kvinnherad held stengt i dag grunna utfall av nett og telefon.