Bruk refleks så du blir synleg i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar om å bruka refleks som bevegar seg når du går, og at du brukar to refleksar slik at du er synleg frå fleire kantar.
Vi blir stadig flinkare til å bruka refleks i mørket – snart brukar halvparten av oss det – men Trygg Trafikk håpar på at langt fleire prioriterer refleksen i mørket i tida framover.
Kvart år samarbeider Trygg Trafikk med ein designar som lagar årets refleksdagrefleks. Refleksen kan kjøpast i utvalde nettbutikkar.
Reflekstips:
- Fest refleks på alle jakker og baggar
- Bruk refleks som bevegar seg når du går, då synes du best
- Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar
- Heng refleksen i knehøgde eller bruk refleksband på bein