Ein minibuss med 16 seter og plass til rullestol kan tingast for persontransport frå dør til dør til prisen av ein vanleg bussbillett. Såleis får reisande i Kvinnherad eit meir fleksibelt kollektivtilbod. Med tre blide testpassasjerar, ordførar, varaordførar, lokalpressa, representantar frå Skyss og operatør, vart prøverunden ei særdeles hyggjeleg stund!
Kommunestyret har løyvd midlar til dette prøveprosjektet for inntil tre år frametter. Bestillingstransporten kjem i tillegg til det vanlege kollektivtilbodet og vil køyra frå kl. 9 - 14 om føremiddagen og frå klokka 16 om ettermiddagen.
Ein kan bestilla transport via appen «Skyss Bestilling», eiga nettside eller via telefon. Kjøp av billettar følger same system som kollektivtrafikken elles.
Her kan du lesa meir om tilbodet