Prestabrygga er framleis under restaurering, og det er venta at arbeidet vil halda fram i mars/april.
I åra framover er det venta fleire tiltak for dei besøkande i området. Dette for å auka tilgjenge for friluftslivsaktivitetar. Området er eit statleg sikra friluftsområde, og for kvart tiltak kan Kvinnherad kommune søkja tiltaksmidlar hjå Miljødirektoratet. For å sikra medverknad har Kvinnherad kommune mellom anna dialog med skulane og bygdelaget om tiltaka.
Spørsmål og innspel kan rettast til:
Terje Natland, einingsleiar veg og park eller Kristian Helgesen, fagkoordinator kultur