Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi AS, Hardanger. Spesielt gjeld dette rundt inntak, i kanalar og ved inn- og utløp av overføringstunellar. Varierande vasstand fører generelt til svak is langs land. Ved låg magasinfylling og ved nedtapping av magasin, kan det vera fare for ras av isblokker, og at isen langs land vil sprekka. Desse sprekkene er ofte gøymde av eit snølag, og det må difor utøvast stor aktsemd ved passering inn og ut på isen.
Viser til NVE's iskart.no der du finn meir opplysningar om ulike områder.
Velg trygg rute, respekter skilting og inngjerding
Områder med spesielt stor risiko blir inngjerda og merka. Statkraft markere også trygge ruteval med merkestikker. Dette vil vere områder med fare for svak is eller hulrom under snø som skuldast temperert vatn eller sterke straumar i vassdraget. Sjå gjerne iskart.no for meir informasjon. Me ber om at merka ruter vert følgt og vis respekt for inngjerding og skilting. Forholda kan endre seg raskt, så meld gjerne frå om usikre forhold.
Me ynskjer alle ein god, lokal og trygg tur
Ønskjer du ytterlegare informasjon, kan du ta kontakt med Statkraft:
Kg. Hardanger v/ Vidar Riber, tlf. 901 21 542 eller
For Tyssedal/Mauranger – Hans Henrik Haukaas, tlf. 909 91 966
For Eidfjord/Bjølvo – Jan Tore Kvale, tlf. 413 12 503
Statkraft Energi AS, Hardanger, 5783 Eidfjord, tlf. 53 67 30 40