Risikofaktorar kan vere registrert fråvær, ein kultur for at det skal lite til for å halde barnet heime, psykiske eller sosiale vanskar, dårleg miljø i gruppa. Vi veit at kombinasjonar av desse ofte fører til auka risiko for høgt fråvær.
Aktuelle tiltak:
- Avdekke risikofaktorar. Når ein vaksen kjenner uro for fråværet i ei gruppe eller ein familie har medarbeidaren ansvar for å varsle leiinga tidleg om fråvær som gjev grunn til uro.
- Alle barnehagar kartlegg fråvær 2 gonger kvart halvår. Dette vert gjort ved å føre fråværet inn i skjema (vedlegg 5). Den halvårige kartlegginga kan vere eit utgangspunkt for å iverksette selektive tiltak.
- Leiinga har ansvar for at avdelingane jamleg drøftar urovekkjande fråvær, dette skal gå fram av barnehagen sine møteplanar.
- PPT/ barnehageteamet kan ved behov gi rettleiing til avdelinga om miljøtiltak.
Familieteam kan bidra med samtalar/ kurs om foreldrerettleiing.
Helsestasjonen kan ha tettare oppfølging av familiar i risiko.
Samarbeidsmøte på avdelingsnivå med foreldre og ulike instansar. Ulike tiltak for utprøving i heimane og i barnehagen vert foreslått.