Oppdag det du ikkje visste i Steinparken ved Hardangerfjorden

Gøy og lærerikt i Steinparken

I Steinparken finn du forteljingar, utstillingar og filmar om natur- og kulturhistorie. Ute i parken kan du rusla mellom steinblokker i ulike bergartar forma som skulpturar. Men Steinparken handlar om meir enn stein. Her finn du forteljingar om historia til Livet på Jorda, menneska si historie, Vikingskatten frå Hatteberg. Her er også ein liten kafe og butikk med smykkesteinar, fossil, skattkister og mykje meir. Steinparken er del av formidlinga ved Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark. Parken er utforma av Rosendalstiftinga i samarbeid med fagpersonar ved universiteta i Bergen og Oslo, Fossheim steinsenter i Lom, skulptør Bård Breivik og steinhoggar Rolf Karlsen.

 

Berre eit steinkast unna

Om Steinparken

Steinparken er ein del av den naturfaglege formidlinga ved Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark. Føremålet med Steinparken er å stimulera interessa for  natur- og kulturhistorie og å auka opplevingsverdien ved aktivt friluftsliv.

Jorda si 4600 millionar lange historie er full av dramatikk og fantastiske hendingar, like frå starten og fram til den korte historia til menneska. I Steinparken fortel vi historia til Jorda og det unike Livet. Det gjer vi gjennom filmane Livet på Jorda snakkar ut!, Slik tok menneska over Jorda, Livet er alltid i endring og Tidsaksen, ein 23 meter lang polert granittvegg der nokre av dei viktigaste hendingane i Jorda si historie er skrivne inn i stein. Alle desse tala og dei lange geologiske tidshorisontane er svært vanskeleg å fatta for oss menneske, difor er mykje av utviklinga på jorda, uoversiktleg, ukjent og kaotisk for dei fleste, både lekfolk og mange forskarar. Ein måte å illustrera dette på slik at ein kan få oversikt, er ved ein fysisk akse der dei ulike hendingane er plotta inn, slik vi har gjort i Steinparken.

Steinparken er sidan starten i 2003 utvikla som ein kunnskapspark av Rosendalstiftinga i samarbeid med nokre av Noregs fremste fagpersonar og formidlarar ved universiteta i Bergen og Oslo og Fossheim steinsenter i Lom. Kunstnaren Bård Breivik har saman med steinhoggar Rolf Karslen og parkentrepenør Torkjell Nerhus lagt føringane for den estetiske utforminga. Steinparken er utvikla med  økonomisk støtte frå Hordaland/Vestland fylkeskommune, Kvinnherad kommune, Miljødirektoratet, Folgefonna nasjonalparksenter, Sparebankstiftelsen DNB, Sparebankstiftinga Kvinnherad, Norsafe as, Harding Trading as, SKL as og Nasjonalforeninga for folkehelse.

Steinparkens vener

Steinparkens vener har som oppgåve å bidra til stell og rydding i Steinparken. Spør dei gjerne om du lurar på noko.

Bli med i Steinparkens vener du og.

Kontaktar:

Sigmund Spjelkavik
Mobil: 911 09 732


Margun Dahle
Mobil: 480 24 894

Naturen rundt deg er full av fantastiske historiar.
I steinparken får du ein smakebit