Vi gratulerer Anne Kari med premien, og håpar ho får nytte av litt ekstra energipåfyll no i godvêret!

Som den lokalkjende og erfarne turgåaren ho er kunne vi ikkje la sjansen gå frå oss til å stille ho nokre spørsmål:

 

  1. Kva er det beste med Telltur?

Telltur er enda eit høve til å registrera turar og oppdage nye turmål her og i andre kommunar. Motiverande å konkurrere med seg sjølv eller nokon ein kjenner. Lokalkjende i alle kommunar som er med, har vald ut turmål som er verd å besøka og ein får på den måten gode tips rett på mobilappen om turmål nær der ein oppheld seg.

  1. Kva er din motivasjon for fjellturar?

Først og fremst naturoppleving, ei god avkopling etter arbeidsdagen, varierte opplevingar på den same turen og å bli kjend på nye plassar. No om våren er det fint med kontrastane frå fjorden til fjellet, grøne li og kvitkledde fjell. Fuglesong, dyreliv og brusande elvar er herleg å oppleva. Eg elskar å gå på ski og til fots, her i kommunen har vi alle moglegheiter til det og kan stadig oppdaga noko nytt. 

  1. Kva har du alltid med deg på fjelltur?

Kamera, eg tar ein del bilete og likar å dele turminner. På litt lengre turar, har eg alltid med meg vindsekk, førstehjelpsutstyr og ekstra klede. Om vinteren har eg i tillegg alltid med spade og sitje-eller liggeunderlag. Ein veit aldri kva ein kjem ut for. Eg likar å følgja med på kartet, så det er ofte med. Eg går mange turar på kartet... 

  1. Om du får utanbygds gjester på besøk ei helg – kor tek du dei med på tur?

Det må bli Folgefonna og gjerne med ei overnatting på turisthytta Fonnabu. Der kan ein oppleva vakker solnedgang ved kanten av breen. Med ski om våren eller til fots om sommar og haust. Turen opp frå Bondhus er verd å få med seg. Dei fyrste turistane som kom til Kvinnherad, kom for å ta turen frå fjord til fonn. Dei kryssa Folgefonna og kom ned i Odda. Dei brukte hesteskyss for 150 år sidan. I dag går vi turen over to dagar og bur fint i Fonnabu, som nyleg er utvida og oppgradert.

  1. Kva er det beste med sommarferie i Kvinnherad?

Moglegheitene til varierte naturopplevingar. Vi har fjord, fjell og bre. Ein kan vandre i blåis og stå på ski i kortbukse og ta eit bad i sjøen etterpå. Å sova ute i telt eller hengekøye gir gode opplevingar for borna, gjerne i kombinasjon med oppdagarferd. Tida vi er inne i no, gir oss muligheten til å verkeleg oppdaga nærområde og Norge som ferieland. Det gler eg meg til... 

 

Vi minnar om at den kommunale-og regionale tellturkonkurransen pågår fram til 1.november, så her håpar vi så mange som mogleg vi delta!


Alt om telltur i Kvinnherad kommune finn du her:
https://www.kvinnherad.kommune.no/ny-telltur-sesong-i-kvinn…

 

Vi ynskjer alle ei god helg - sjåast til fjells! :-)