Det første klimabudsjettet skal lagast for 2024. Døme på ting som kan stå i eit klimabudsjett, er til dømes at alle kommunale bilar skal vera nullutsleppskøyrety, eller at me berre skal velja miljøvenlege byggematerialar.

Kommunen trur innbyggjarane og næringslivet vårt har mange gode forslag til korleis me kan leva meir klima- og miljøvenlege liv. Me synest dessutan det er viktig å få vita kva innbyggjarane meiner er til hinder for at ein kan velja miljøvenleg i dag, som til dømes mangel på kollektivtilbod, få moglegheiter for gjenbruk - eller for dyrt å byta til elbil eller montera solcellepanel på hustaket.

For å kunna laga eit best mogleg klimabudsjett, ønskjer kommunen no forslag frå innbyggjarane til ulike klimatiltak.

Me oppmodar derfor alle om å svara på spørjeskjemaet som det er lenkja til under her.

Me håpar også at kvar og ein vil tenkja gjennom om det er nokre positive moglegheiter i omstillinga til eit nullutsleppsamfunn. Kan dette gje oss betre livskvalitet, og kan me gjera det økonomisk lønsamt å leva meir miljøvenleg?

Dette vil me høyra frå dykk om, og me håpar flest mogleg vil ta seg tid til å svara på dette spørjeskjemaet.

 

Vil du gjera ein ekstra innsats?

hand-g7dcc021d7_1920.jpg
Illustrasjon frå Pixabay

Viss du er engasjert i klimasaka, vil me gjerne spørja deg om du vil gjera ein ekstra innsats for eit godt klimabudsjett! Me er på jakt etter personar som kan tenkja seg å vera gjestebodsvert, det vil seia at du melder frå til kommunen om at du kan tenka deg å invitera 10–15 personar heim til deg for å diskutera spørjeskjemaet, og svara på dette i fellesskap med dei du har invitert.

Kunne du tenkja deg å vita meir om kva det vil innebera å vera gjestebodsvert, så skriv til oss på klimabudsjett@kvinnherad.kommune.no, så tek me kontakt med deg. Det er heilt uforpliktande😊

Dersom du har andre forslag til klimabudsjett, som du ikkje synest passar inn i spørjeskjemaet, kan du også skriva anonymt til oss på den same e-postadressa.


På førehand tusen takk for hjelpa!