Mange nye barn og føresette er spente på oppstart av eit nytt barnehageår.

 I Kvinnherad kommune har me 16 barnehagar 11 kommunale og 5 private barnehagar som står klare til å ta vel imot nye og “gamle” barn og føresette.

 I år får me gjerne ein ekstra utfordring  grunna koronapandemien, men barnehagane har gode rutinar kring dette, så utfordringane skal me klara saman med de føresette.

Barnehagane er framleis på gult nivå når det gjeld  smittevernstiltaka som Udir har laga. Det vil mellom anna seie

  • Ingen sjuke barn skal komma i barnehagen (det vil også seie at ingen med symptom på korona skal  komme i barnehagen)
  • God hygiene er viktig, ein skal unngå handhelsing og klemming
  • Heile avdelingar er å rekna som ein kohort
  • Uteområda skal framleis vera inndelte i kohortar
  • Me må unngå trengsel og store samlingar
  • Me har no ordinære opningstider i barnehagane våre.

Link til Udir si heimeside for meir informasjon:

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/