Målet med Grøn næringspark på Husnes er å få eit attraktivt område for etablering av ny næring i Kvinnherad som kan ha ei viktig rolle i det grøne skiftet. 
Kvinnherad kommune følgjer no opp arbeidet med reguleringsplanen med prosjektet Grøn sirkulær infrastruktur på Husnes. Arbeidet og denne ideverkstaden vert arrangert i samarbeid
med Kvinnherad Næringsservice og med Norconsult AS som rådgjevar.

Innleiing med innslag frå Sunndal, Arendal, Bærum og Husnes, deretter vert det gruppearbeid.

Vi håper at De og Dykkar verksemd eller organisasjon kan vere med  31. mai, kl. 17.00 – 20.00.

Velkommen! Betasuppe og kaffi vert servert!

Påmelding til Kjell Ove Hjelmeland sin e-post.

Fint om dei som ønskjer å vere med, svarar på vedlagte undersøking:

Sirkulære mogelegheiter - spørsmål til idèverkstad

 

Med venleg helsing

Grete Solheim  (sign.)                                                  Frode Hetlevik (sign.)
Næringssjef                                                                     Næringslos
Kvinnherad kommune                                                Kvinnherad Næringsservice

 

Kontaktperson:

Konsulent/prosessleiar
Norconsult AS
v/Kjell Ove Hjelmeland (sign.)
Telefon: 45404535
kjell.ove.hjelmeland@norconsult.com