Kvinnherad kommunestyre eigengodkjente 26.11.2020 forslag til detaljregulering for Erslandsparken 241/38 m. fl. PlanID 20200001.
Plankart er datert 30.09.2020, og føresegner og planskildring er datert 22.10.2020.
Mindre delar av reguleringsplan for trafikksikring Rv. 48 Sandvoll, planID 20060013, vert samstundes oppheva. Sjå vedlagt vedtak.
 
Vedtaket vart gjort på følgjande vilkår:
  1. Der rulleskiløypa er planlagt felles med offentleg gangveg, må det alternativt etablerast gangveg på 1,5 meter gjennom klatreparken fram til kunstgrasbanen. Fotgjengarar kan deretter skiljast frå skiløparar ved at dei går langs ytterkant på kunstgrasbanen.
  2. Detaljar kan godkjennast i samband med byggesaka.
 
Kommunestyret si godkjenning kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Dette i samsvar med reglane i Forvaltningslova kapittel VI, og jf. Plan- og bygningslova (pbl) § 1-9.
Klagefristen er i utgangspunktet 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er kome fram til parten. Sjå elles forvaltningslova § 29.
 
Detaljreguleringa vert no bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet.
Me viser til grunneigar sin rett til å krev innløysing, jf. pbl § 15-2, samt til pbl § 15-3 om erstatning for tap ved reguleringsplan. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.
 
Plankart, planomtale, føresegner, m.m. finn de i kommunen sitt planregister, sjå lenke:
 
Eventuell klage skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.
 
Ta kontakt ved spørsmål: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no