Kvinnherad kommune eig og driftar 8 vassverk:
- Herøysund vassverk
- Husnes vassverk (forsyner Husnes, Valen, Sunde og Halsnøy)
- Hattebergsdalen VBA (forsyner Løfallstrand, Rosendal og Omvikdalen)
- Matre vassverk
- Sandvoll vassverk
- Varaldsøy vassverk
- Ænes vassverk
- Ølve og Hatlestrand vassverk
I tillegg kjem nokre små vassverk på Utåker og Åkra. På leidningsnettet er det 8 høgdebasseng og 19 trykkforsterkar-/pumpestasjonar.
Vasstrykk
Vasstrykket i det kommunale leidningsnettet er dei fleste stader mellom 2 og 8 bar. Ved mindre trykk enn 2,0 bar etter innvendig hovudstengeventil, skal trykkauking vurderast og godkjennast. Etablering av trykkaukingsanlegg skal kostast av abonnent/utbyggjar. Ved trykk over 6,0 bar etter innvendig hovudstengeventil skal det monterast godkjent trykkreduksjonsventil. Etablering av trykkreduksjonsventil skal kostast av abonnent/utbyggjar.
Driftsmeldingar og kontakt
Sjå under hovudsida til vatn og avløp, der ein finn meir informasjon om blant anna:
- Driftsmeldingar
- Stikkleidningar
- Kontaktinformasjon
- Vassmålar