Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 varslast det at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med detaljregulering for Ullvarehagen AS på gnr. 82 bnr. 94 med fleire i Rosendal. Det vart held oppstartsmøte 01.09.22, og oppstartsløyve vart gjeve i same møte.

Planområdet er på om lag 19,8 daa. I gjeldande kommuneplanens arealdel er planområdet avsett til næring og kombinert bebyggelse og anleggsføremål, samt fleire omsynssoner som legg føringar for det vidare planarbeidet. Planforslaget er delvis i tråd med overordna plan. Gjennomføring av planen forutset riving av Ullvarefabrikken.

Ullvarehagen Bustadområde 2.png.jpg

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for bustadutbygging med opptil 50 – 70 bueiningar fordelt på 3 blokker, samt 2 – 3 fleirmannsbustader. Skissa syner eit døme på korleis dette kan gjerast, men den er berre ei innleiande skisse og ein vil i løpet av planprosessen jobbe meir med detaljutforminga av planområdet. Den eksisterande blokka på tomta vil og bli gitt eit estetisk løft som sikrar eit betre samspel med ønska utbygging, dette vil og gi ein meir positiv oppleving av byggets plassering i landskapet, og gi en heilskapleg atmosfære. Planlegginga skal vidare ha eit fokus på å sikra gode uteopphaldsareal og leikeplass.

Med tanke på trafikktilhøve er det verdt å nemne at tilkomst til planområdet skal skje via eksisterande veg langs Melselva. Denne må dermed utbetrast og utvidast slik at den vert om lag 5 m brei og får eit opphøgd fortau mot elva på 2,5 m. I tillegg vert det krav om at det opparbeidast fortau på nordsida av Baronivegen frå brannstasjonen og fram til eksisterande fortau ved Kyrkjevegen slik at mjuke trafikantar kan gå frå planområdet til sentrum på fortau.

Ullvarehagen Bustadområde.png

Konsekvensutgreiing (KU):

Det er vurdert at planen må konsekvensutgreiast etter Forskrift om konsekvensutredninger §8 bokstav a ettersom den medføre risiko for vesentlege verknader for miljø eller samfunn etter ein samla vurdering av §10 i same forskrift. 

Tema som må belysast i det vidare planarbeidet er særleg konsekvens tiltaket vil ha på det overordna landskapet, verna vassdrag, tilgrensande kulturmiljø og flaumfaren i planområdet.

ROS-analyse:

Arbeid med detaljregulering utløyser alltid krav om ein risiko- og sårbarheits analyse (ROS-analyse) og i denne saka er aktuelle tema forureina grunn, trafikktilhøve, overvatn, friluftsområde og kulturminne.

 

Medverknad:

Merknad til planarbeidet skal sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no.

Frist for uttale er satt til den 11.11.2022.

Ved spørsmål og innspel kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller petter@byggadmin.no

 

Oppstart av planarbeidet vert og varsla i Grenda. Annonsen kan og sjåast på https://byggadmin.no/kunngjeringar/

 

Lenkje:

arealplaner.no | 20220007 > Planbehandlinger