Kvinnherad kommune varslar med dette oppstart av hovudplan for vegar i kommunen, samt utarbeiding av ei vegnorm. Ein hovudplan for vegar skal gje kommunen eit heilskapleg styringsverktøy for vegar, bruer og kaiar, både for kommunal forvaltning og for drift, og gje eit betre grunnlag for framtidig innsats.  Ei vegnorm skal sikre at veganlegga blir planlagt og utført slik at innbyggarane blir sikra eit velfungerande og trygt vegnett som stettar krava i dag.

Hovudplan for vegar i kommunen skal vere ein del av kommunedelplanen for samferdsle, og planen vil bli integrert i kommunen sitt rullerande plan- og styringssystem, og handlingsdelane vil bli del av økonomiplanen og den årlege rulleringa av denne. Slik vil kommunen få ei betre oversikt over investeringar, drift og utfordringane det komande året, og meir heilskapleg tenking kring samferdsle og trafikktryggleik. Hovudplan for vegar i kommunen skal leggjast ut til offentleg høyring forhåpentlegvis i løpet av våren/forsommaren, jamfør plan- og bygningslova § 5-2.