Initiativtakar
Med heimel plan- og bygningsloven § 12-8 og § 12-9 vert det med dette meldt at fagkunnig Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for forslagsstillar Arve Kjærland har føretatt ein endring av plangrense på nemnde eigendommar. Det er og føretatt en revisjon av planprogrammet for planid 20160009.

Ny planstatus og føremål
Føremålet med planen er framleis å omplassere småbåtsannlegg frå eksisterande reguleringsplan, detaljregulering – fritidsbustadar Troppo –15/4 m.fl.- Ølve (Planid 20110014) til ein ny plassering som er meir eigna for dette formålet.
Plangrensene for planid 20160009 detaljregulering for deler av 14/1 med fleire – Småbåtanlegg Tuftemarka/Storeholsund – Ølve, har blitt revidert på nytt og endrast slik at den no vert om lag 101,5 daa. Planområdet er no delt inn i to delar eit i nord og eit i sør, dette er gjort slik at areala i det gamle småbåtsannlegget i planid 20110014 kjem med (for å kunne fjerne dette regulerte småbåtanlegget). Plangrensa i nord syner plasseringa til det nye småbåtsannlegget som er foreslått.
Den nye planavgrensinga ligger framleis på utstikkaren ved Korshamn men er utvida noko. Tiltakshavar ønsker i tillegg å gjera nokon små endringar av arealformåla til badeområdet i sørleg planavgrensing ved Storeholsund.
Formålet med planen er i strid med gjeldande arealformål i kommuneplanen, og skal derfor konsekvensutgreiast i samsvar med forskrifta om konsekvensutredning og det skal utførast ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS- Analyse), denne kjem til å gå gjennom og vurdere mellom anna rasfare, havnivåstigning, naturmangfald og trafikktilhøve.

Avgrensing
Området ligg på Troppo 10 minutt unna Ølve, avgrensing av planområda er vist på vedlagt kartutsnitt.

Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald
Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no
Ved spørsmål, innspel eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no
Frist for uttale er satt til den 26.02.2021.
Nabovarsel vert sendt ut pr. brev den 20.01.2021, og oppstart vert varsla i Grenda den
21.01.2021. Annonsen kan og sjåast på https://byggadmin.no/kunngjeringar

VEDLEGG