Informasjon

Etter kommunale vedtekter for barnehagane er det ikkje grunnlag for drift i Varaldsøy barnehage per 15. august 2023. Barnehagen blir vurdert opna igjen dersom det blir fleire enn tre søkjarar. 

Foreldra til born som bur på Varaldsøy får tilbod om å levere borna til tilsett på kaien på Varaldsøy kl. 8 for å gå i Hatlestrand barnehage, og hente att kl. 16.10. Foreldre kan også levere og hente sjølv i Hatlestrand barnehage.