Vangstova aktivitetshus er plassert i Rosendalstunet med eigen inngang i retning Rosendal sentrum.
Her har vi fokus på sosialt samvære, felles måltid, fysisk aktivitet, hobbyaktivitetar og anna som den enkelte ynskjer å driva med. Vi har tett samarbeid med Frisklivssentralen som driv aktivitet og følgjer opp enkeltpersonar med samtalar og rettleiing.
Eige inngangsparti saman med Frisklivssentralen.
Treningsrom med spinningssyklar og matter til øvingar med kroppsvekt.
Tek du utfordringa med eit parti biljard?
Kva med ein runde dart?
Nokon som har lyst til å drive med maling?
Sitjegruppe. Nytta til sosialt samvære, kortspel, yatzy og anna.
Fellesareal med etebord og sitjegruppe.
Sitjegruppe og kjøkken. Vi lagar stort sett felles lunsj kvar dag.
Stillerom, samtalerom eller hobbyrom der ein kan trekkja seg tilbake om ein treng det.
Utsikt frå uteområdet vårt.
Sitjegruppe på utsida med utsikt over fjord og fjell (nye bilde kjem til sommaren).
Kjeldestøl, eit mykje nytta turområde i nærleiken.
Innimellom har vi kurs der vi lagar ulike mat og bakverk.
Frå eit av fleire kurs med ulikt handtverk.
Kaffi smakar ekstra godt på tur.