Kvinnherad kommune lyser med dette ut midlar frå det kommunale næringsfondet.
Søknadar skal sendast via Regionalforvaltning.
Det kan søkjast om tilskot frå kommunen sitt næringsfond. Særleg gjeld dette nyskapande prosjekt og prosjekt som fører til betre sysselsetjing i næringssvake område.
Søknader om midlar frå næringsfondet skal stilast til "Styret i næringsfondet" (formannskapet). Etter at det er føreteke ei vurdering av søknaden, vert den lagt fram for fondsstyret til avgjerd.
Ta gjerne kontakt med næringsavdelingen om du lurer på noko.