SMIL-midlane (Tilskot til særskilte miljøtiltak i jordbruket) for 2022 vert med dette lyst ut. 
 
I år har vi fått tildelt kr 600.000. Dette er ein auke på kr 100.000 frå i fjor. Vi takkar Statsforvaltaren for det.
 
Formålet med SMIL er å fremja natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusera forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Aktuelle tiltak kan t.d. vera rydding av gammal kulturmark, restaurering av gamle kulturminner og tiltak som reduserar utslepp til luft og vatn.
 
Søknadsfrist 15 mars.
 
Søknad skal sendast inn via Altinn. Meir informasjon kan du finna hos Landbruksdirektoratet.
 
Har du spørsmål ta kontakt med landbrukskontoret
smil 22.png