I møte 04.12.19, saksnr. 2019/15, har forvaltningsutval i Kvinnherad kommune vedtatt med

heimel i PBL § 12-11 at privat forslag til detaljplan av 132/2 med fleire - Fritidsområde og småbåtanlegg på Skorpo - Skorpo, sist revidert den 18.11.19, vert i samsvar med lova lagt ut til offentleg ettersyn under føresetnad at ein gjer følgjande forandringar:

1.       Nummerering i føresegner må reviderast.

2.       Føresegner sitt pkt.7.6: «Vatn og avløp» skal kallast for «Vatn, avløp og brann». I føresegner men også i planomtale skal det omtalast handtering av overvatn, avløp og  brannslukkingskilder nærmare. Etablering av overvatn, avløp, avstandskrav og brannslukkingskilder skal dessutan påleggjast i eit rekkjefølgjekrav.

3.       Føresegner sitt punkt 3.3 skal reviderast til:

«Det skal ikkje oppførast terrasse/platting utanfor byggegrensa, Terrasser skal ikkje vere større enn 20 m2, maks 4,0 m ut frå veggliv. Oppføring av terrasse/veranda må skje utan varige terrenginngrep.»

Utlegginga av planforslaget vert kunngjort i lokalpressa og kommunen sine elektroniske mediar, berørte partar og instansar skal varslast (planid.: 20180003). Planforslaget er utarbeida i regi av ABO Plan & Arkitektur AS.

Arealbruksføremål er omtalt i kommuneplanen Kvinnherad frå den 22.03.18 (planid.: 20140002): Området er vist  som LNF - område samt nokon fritidsbustader. Byggjegrense mot sjøen er vist med lila. Sjøarealet sydvest og aust for planområdet er areal til fiske (nåverande).

Planarealet for tidlegare gjeldande reg.plan Skorpo (planid.: 19820011), som blir vist med  eit #B. I områder som er vist som #B skal kommuneplanen gjelda framføre reguleringsplanen ved motstrid. Planen er på ein måte ikkje direkte ugyldig men mange føremål blir bare erstatta med nye føremål.

Deler av planen (småbåtanlegg) har blitt behandla tidlegare  i ein mindre endring (sak: 2016/3940); I brevet frå Fylkesmannen mottatt i denne prosessen står det som konklusjon, at (…) Fylkesmannen kan ikkje sjå at denne endringa av reguleringsplan for Skorpo kan handsamast som ei «mindre endring» og meiner at endringa krev ein fullverdig planprosess kor ein ser eit større område i samanheng jf. pbl. § 12-14 andre ledd.(…).

Tiltakshavar har difor trukket den mindre endring og vurderte å gjennomføre ein full endring av planen.

Føremålet med planarbeidet er etablering av felles småbåtanlegg for 10 båtar og 2- 3 nye hyttetomtar.

 

Planforslaget blir behandla jfr. plan- og bygningslov, som detaljplan.

 

Evt. merknader og/eller interesser som ynskjast ivaretatt i planarbeidet meddelast Kvinnherad Kommune – seksjon forvaltning – private reguleringsplanar v/ Ingo Bewer seinast den 21.02.20 (post@kvinnherad.kommune.no) .

 

Lenke til vedlegg: 2018/2689