I møte 11.03.20, saksnr. 2020/27, har forvaltningsutvalet i Kvinnherad kommune vedteken med heimel i PBL § 12-11 at forslag til detaljplan for del av 226/2 med fleire - Fritidsbustader og småbåtanlegg på Gjerde - Borgundøy - Willy Andre Solheim - PlanId 20180006, sist revidert den 04.12.19, blir lagt ut til off. ettersyn. Planforslaget er utarbeida i regi av Gøtz AS.

 

Det omtrend 77 daa store planområdet ligg på austsida av Borgundøy i Kvinnherad kommune. Området ligg til sjø, og omfattar eigedomen 226/2 m.fl. Det er ferje til øya og køyreveg fram til hyttefeltet. Ein del av hytteeigarane vel også å komme med eigen båt.

Ein har stort sett nytta den same plangrensa som vart nytta då området vart regulert i 2013/2014, men ein har utvida planområdet noko i aust i området ved eksisterande naust

(BUN1) og badeområdet (VB1). Dette er gjort for å få med eksisterande kai her (SK3).

Vidare har ein utvida plangrensa noko i sør, langs eksisterande tilkomstveg. Her ligg det att nokre gamle restareal som er regulert til felles parkeringsplass og offentleg/allmennyttig formål i ein eldre plan frå 1979; Strandplan for Gjerde, Borgundøy – Halsnøy (planID: 19790005). Desse areala har ikkje lenger nokon funksjon, og etter ynskje frå kommunen har ein teke dei med innanfor plangrensa slik at ein kan tilbakeføre desse areala til friluftsformål/LNF- område. I tillegg har ein justert plangrensa som går i kystkonturen etter nytt digitalkart frå kommunen.

Området vert føreslått regulert til samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (veg,anna veggrunn, kjøreveg, kai og parkering), LNF-område (friluftsføremål), bebyggelse og anlegg (fritidsbustader, anna næring/skogsbruk, naust, sjøbod, BUN, renovasjonsanlegg og uteopphaldsareal), Bruk og vern av sjø- og vassdrag (Badeområdet og friluftsområde), omsynssoner (frisikt og ras- og skredfare) og juridiske linjer og punkt. 

Arealbruksføremål i Kommunedelplan for Kvinnherad kommune (godkjent den 22.03.18; planid.: 20140002). Det omsøkte område blir som eit området for gjeldande reguleringsplan omtalt som føresegnssone #A. Dette seier at reguleringsplanen gjelder saman med kommuneplan, ved motstrid gjelder kommuneplanen.

Etter plan- og bygningslovens § 12-11 leggjast planforslaget ut til offentleg ettersyn fram til den 08.05.20 på følgjande stader: Kvinnherad kommune sin heimesida under kunngjeringar

Evt. merknader og/eller interesser som ynskjast ivaretatt i planarbeidet meddelast Kvinnherad Kommune – Seksjon forvaltning v/ Ingo Bewer seinast den 08.05.20.

 

Vedlegg