I møte 11.03.20, saksnr. 2020/26, har forvaltningsutvalet i Kvinnherad kommune, med ein del

forbehold, vedteken med heimel i PBL § 12-11 at forslag til detaljplan for del av 224/2 m.fl. - Hytteområdet Bøvika - Borgundøy - Kjell Egil Sæbø m.fl. - PlanId 20180007, sist revidert den 13.01.20, blir lagt ut til off. ettersyn. Planforslaget er utarbeida i regi av Gøtz AS.

 

Planområdet omfattar heile eller delar av gnr. 224 bnr. 1 og 2, samt gnr. 222 bnr. 2. Området utgjer ca. 26,4 daa. Plangrensa er sett i samråd med kommunen. Området er ikkje regulert frå før. Området vert føreslått regulert til samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (køyreveg, anna veggrunn, gangveg og parkering), Grøntstruktur (friområde), bebyggelse og anlegg (fritidsbustader og uteopphaldsareal), omsynssoner (frisikt) og juridiske linjer og punkt. 

I arealbruksføremål i Kommunedelplan for Kvinnherad kommune (godkjent den 22.03.18; planid.: 20140002) vart det omsøkte fritidsbustadområde blitt omtalt som område F-15-04 (Hammarsland / Gjerde / Sæbø); det er plankrav for dette arealet. Hovud fritidsområdet er begrensar av LNF-føremålet, sjøområdet er avsett som fiske- og låssettingsplass.

Området er tatt ut av eksisterande LNF- området. Sør for området med nokon avstand  liggjar sjøen.

Etter plan- og bygningslovens § 12-11 leggjast planforslaget ut til offentleg ettersyn fram til den 08.05.20 på følgjande stader: Kvinnherad kommune sin heimesida under kunngjeringar

 

Evt. merknader og/eller interesser som ynskjast ivaretatt i planarbeidet meddelast Kvinnherad Kommune – Seksjon forvaltning v/ Ingo Bewer seinast den 08.05.20.

 

Vedlegg